søndag 31. august 2014

Prisar og informasjon

I morgon er det ny månad! Ny månad, nye moglegheitar! 
Er dere klare for å gje gass?? 
Vil du sjå smashing ut i en lekker kjole på årets julebord? 
Vil du sjå tilbake på bilete frå jula-14 og vere fornøgd og stolt over jobben du gjorde førut? 
Det veit eg at EG vil! Det er bare 3 månadar til julemånaden er i gang! 
Og treng du hjelp vil eg veldig gjerne hjelpe deg. 
. 
Det som er så kjekt med nye månadar er at ein kan starte på nytt igjen om ein ikkje har fått det heilt til månaden før, eller bare rett og slett starte, om ein ikkje har fått begynt i det heile tatt! :)  

Tenkte eg kunne dele med dere kva eg har å tilby i min rykande ferske business! 

Sidan eg ikkje har tatt eksamen endå, vel eg å ta halv pris på alle tjenester (utanom reine kostholds-/treningsprogram), så det kan dere jo nytte dere av! Eg leser så mykje eg kan, men har stor familie og dei 2 minste har eg heime kvar dag, så er jo ikkje kvar dag eg rekk å sitje så mykje med nasa ned i pensum. Eg satsar på å ta eksamen i februar. Då er det i Bergen, så eg treng ikkje å reise heilt til Oslo for å ta den. Så foreløpig er det februar eg satsar på, istadenfor i november i Oslo. Så fram til då er det altså halv pris! Og vil du gå ned nokre kilo til jul må du ta kontakt no! 
Så her kjem prisane: 
 

WEBCOACHING

  Kostholdsprogram: 500,- 

 Treningsprogram: 500,- 

Kost- og treningsprogram: 950,- 

Trening -og kostholdsprogram m/web-oppfølging 1 månad: 1000,- (Etter bestått eksamen 2000,-)
For vidare web-oppfølging per månad: 750,- (etter eksamen 1500,-)



PERSONLEG TRENAR-TILBOD:

1 PT-time: Den første er gratis, vidare timar pr.stk: 250,- (etter eksamen 500,-)

10 PT-timar: 2000,- (etter eksamen 4000,-)

20 PT-timar: 4000,- (etter eksamen 8000,-)

 10 PT-timar m/kosthold -og treningsprogram du kan bruke ellers: 2250,- 
(etter eksamen 4500,-)


Eg håpar dere tør å ta kontakt, husk på at eg har vore der sjølv! 
Det tar tid, men du må bare begynne! 













Til informasjon til dei som ikkje har lest tidlegare innlegg: PT-timane går ut på at eg kjem på di dør, og trenar deg heime. Dette er for deg som ikkje ynskjer, eller ikkje har tid til, å trene på treningssenter. Vi kan og bruke naturen å trene i, men dette er kun opp til deg.

Ta kontakt på mail: ptanitaveberg@hotmail.com :) :) 

Håper vi snakkast!

   


fredag 22. august 2014

Trening og kosthold går hand i hand


Når ein trener får ein automatisk lyst å spise sunnare. Slik er iallfall eg, og eg veit eg ikkje er den einaste. Men eg tenker også på ein anna måte, slik som i morgen når det er lørdag. Då SKAL eg trene, fordi eg skal ha spisedag! Det vil seie at eg kan spise det eg vil! Men kun på kvelden, tidlegare på dagen følger eg dei sunne rutinene, og så kan eg skeie ut med riktig god samvittighet på lørdagskvelden. Då blir det eit ekstra godt måltid med ekstra potet og god saus til kjøttet. Også litt ekstra utskeielser, f.eks chips eller smågodt. Og sidan eg då har fått til ei treningsøkt førut kan eg iallefall skeie ut litt:) Det eg må lære meg er å begrense meg når eg skeier ut.  Eg blir så innmari dårlig av alt sukkeret, noko som er ein (god) bieffekt av det å vere sukkerfri i kvardagen. Så det er noko eg jobber med for tida. Og eg merker jo (ta f.eks forrige lørdag) at eg spiser litt mindre godteri enn eg har gjort før (på den tida då eg småspiste sukkerrik mat kvar dag). 
Så det er inget annet enn bra! :)


Her er ein salat eg hadde til kveldsmat tidlegare i veka. Kjempegodt! 
Kun agurk, paprika, skinke, ost og makaroni. 
REIN OG SUNN MAT!

 
 

Og her ein supersunn frokost som garantert gir deg ein god følelse å starte dagen med! 
Grovt knekkebrød med egg, spinat og proteinshake. 


I går blei det sein trening, og først litt deilig avslapping i solariumet. Kan fortelle det at det er ein stor bragd for meg å trene/vise meg i singlet. Det er ikkje lenge sida eg ikkje vågde å kle av meg på overkroppen i offentlighet, fordi eg hadde ekstremt stor avsky for armene mine. Men etter at eg begynte å trene styrketrening har heldigvis tankegangen endra seg, og det er jo så bra! Styrketrening hjelper meg å endre kroppen min til slik eg ønsker å ha den (sjølv om eg veit at det tar laaaang tid), og styrketrening hjelper hodet mitt å tenke bedre. Er det ikkje flott?! Før følte eg at eg ikkje kunne vise armene mine fordi dei var så svære, stygge og lause, men no bryr eg meg ikkje om det. Og eg ser jo at eg har vore litt skrudd i hodet som ødelegger slik for meg sjølv. For dei er jo ikkje såååå fæle!;) Sjølvtilliten er så mykje bedre etter at eg la om livet, og det er endå ein lang vei å gå, men som eg alltid seier: LEARN TO LOVE THE JOURNEY 

I går såg treninga mi slik ut: 

Dynamisk oppvarming først + 1 oppvarmingsett før kvar øvelse (det gjer eg alltid) 

Knebøy 3x8 - 52 kg 

Rumensk markløft 3x8 - 50 kg 

Militærpress 3x8 - 20 kg 

Nedtrekk i kabel begge armer 3x8 - 15 kg på kvar arm  

Facepulls 3x10 - 20 kg

Cable crunch - 3x10 - 25 kg

Etter trening reiste eg heim, spiste mykje god mat (karbo som eg elsker, hehe, og spiser det med god samvittighet etter trening), tok ein varm dusj og las litt på senga. Megadeilig. Sov godt i natt ja!  
Og no er det fredag, og heeeeelg!

- GOD HELG -

onsdag 20. august 2014

Sommerminner, studentliv og mitt eige lille firma

Hei dere! 
På tide å gje lyd frå meg igjen! Dagane bare flyr, og bloggen har blitt meget nedprioritert siste tida. Men no tenkte eg at eg skulle dele litt sommarferie og litt andre ting med dere. 

Dette er ikkje i Syden, det er i Sverige:):)
På DAFTØ RESORT ikkje langt frå grensa.

Dette har vore ein utrulig sommer! Været har vore ufattelig, nesten litt for varmt for min del, men så var det jo det at ein ikkje må klage når ein først har slikt vær! Ellers i sommerferien har altså familien vore på camping i Sverige; Daftø Resort (heilt fantastisk), Vita Strandar (også heilt nydeleg), og så innom Ullared på ein liten shopping-spree. Campingen, for vogner iallefall, på Ullared var ikkje noko å skryte over. Det var mykje finare borte ved hyttene, der vi ikkje låg. Men for oss (meg) som bare ville oppleve Ullared og shoppe litt, gjorde det meg ikkje noko å overnatte ei natt der. Sjølv om det var ganske nedtur å komme til ein slik campingplass etter å ha feriert på campingplasser som Daftø og Vita Strandar. Men eg fekk no sjå eit glimt av Ola-Conny om ikkje anna... haha...;)

 På Vita Strandar var det ei fantastisk strand der vi kunne gå "milevis" utover med barna.


På Ullared ble det shopping! Vi gjekk inn med eit mål om å bare bruke 1000 kroner der...

 "Dessverre" var det utrulig mykje der inne, så blei litt meir enn den tusenlappen.. eller mykje.. 
Vi var egentlig ikkje så imponerte over størrelsen på Ullared, vi trudde jo det skulle vere gigantisk, men utvalget var det ikkje noko å seie på! 
Tommel opp for billig og bra!


Etter litt over 1 veke på tur måtte vi komme oss heimover igjen. Dubai-turen med PT-studentar som eg skulle på i slutten av juli blei avlyst på grunn av for få påmeldte (hallo, kven vil ikkje til Dubai?!?), så då heiv eg meg på praksisen som skulle vere i Oslo bare nokre dagar etter ferieturen. Vi kom heim onsdagen, og eg måtte bare ompakke bagasjen, vaske kle og psyke meg opp til å reise vekk frå familien i 2 veker. Søndagen reiste eg med fly til Oslo, og mandagen var vi igang med praksis.

For dei som ikkje er klar over det, så går eg altså på personleg trenar-studiet på AFPT!
:):):):) 

På praksisen i Oslo lærte eg så mykje om trening, øvelser, om det å vere PT osv. Ellers lærte eg mykje om meg sjølv også! På godt og vondt. Det å vere så lenge vekke fra ungane var så tungt, at det var nesten uutholdelig. Eg var på nippen til å reise heim den helga vi hadde inni desse 2 vekene, for vi hadde jo fri, og eg savna dei jo så mykje. Men etter mykje om og men blei eg no i Oslo den helga då, og når eg først hadde bestemt meg for at dette skulle eg greie, så gjorde eg jo det! Og helga vart jo kjempekoselig den! Lørdagen blei det shopping og restaurantbesøk med min roomie og klassekompis Merete, og eg fekk endeleg sjå huset til Kamilla mi i Oslo, og der fekk eg servert heimelaga middag og kvitvin. DET var godt det, etter ei veke på kylling på Meny og mager kesam;) Søndagen blei det avslapping, tur til Bygdøy og stranda der. 

Tirsdagen den siste veka hadde minsten sin første bursdag, og det var hardt å ikkje få kunne vere med han då. Eg trøsta meg med at han var for liten til å forstå noko som helst uansett, og vi hadde allereie feira dagen hans tidlegare på sommaren. 

No vart det mykje om alt det tunge på "husmorferien" min, eg kan jo heller skrive litt om alt det positive og kjekke som gjekk føre seg! Vi hadde lange dagar, med mykje praktisk læring og med litt forelesninger, kvar dag frå 08.00-17.00. Etter skulen var vi så slitne at det einaste vi orka var å dusje, spise litt, ligge på hotellsenga og studere, snakke litt og glo på tv. Det å ha med seg ein slik erfaring er priceless når det gjeld eiga trening. Vi granska teknikk på oss sjølve og andre, og eg føler meg så mykje sikker på mi eiga trening her heime. Lærte mykje om kroppen i forhold til trening, og merka at eg hadde jammen mykje eg måtte lese meir på før eksamen!;) 

Så no sitter eg her heime, prøver å få studert litt, mens eg også skal vere mor til 3 barn (og dei 2 minste er heime kvar dag med meg). Det er ikkje lett, men med hjelp frå både sambuar og mormora til ungane så får eg jammen lest litt likevel. 

Eg har også starta mi eiga lille næringsverksemd, der eg kjem til å fokusere på å hjelpe andre med vektnedgang. Eg har sjølv vore der, og driver endå på, og føler endeleg eg har funne måten å gjere det på. Sjølvsagt blir det opp- og nedturer, og man blir aldri utlært, men eg har iallfall funne veien eg skal gå. Både når det gjeld mi eiga livstilsendring og jobbrelatert! Dermed ønsker å hjelpe andre som sliter med vekta, om det er 50 kg for mykje eller 5. Eller om du bare vil ete sunnare, bli litt strammare eller bare føle deg betre! Eg kjem til å tilby kostholdsprogram, treningsprogram og oppfølging på nett, og eg tilbyr også personleg trenar-timar der eg kjem heim til deg og hjelper deg med trening og vektnedgang heime i di eiga stue. Eventuelt vil vi også bruke naturen vi har ute til å trimme i! Så dette er briljant for deg som syns det er eit ork å reise på trening, og for deg som ikkje har lyst å trene på noko senter. Trenaren kjem altså til di dør, og du treng ikkje tenke på anna enn å stå klar til å svette litt!:) Eg vil også dele av min kunnskap angåande riktig kosthold på desse PT-timane, for kostholdet er det aller ALLER viktigaste når det gjelder å gå ned i vekt! Vi skal gjere det vi kan for å miste fett, men samtidig IKKJE miste vår dyrebare muskelmasse. Muskelmassen er viktig å bevare/bygge opp, fordi den hjelper til med å forbrenne vekk fettprosenten vår!

Kjære dere, send meg en mail på ptanitaveberg@hotmail.com, så skal vi få til dette! 
Kva venter du på??? :) 

Bli di eiga suksesshistorie!