fredag 22. august 2014

Trening og kosthold går hand i hand


Når ein trener får ein automatisk lyst å spise sunnare. Slik er iallfall eg, og eg veit eg ikkje er den einaste. Men eg tenker også på ein anna måte, slik som i morgen når det er lørdag. Då SKAL eg trene, fordi eg skal ha spisedag! Det vil seie at eg kan spise det eg vil! Men kun på kvelden, tidlegare på dagen følger eg dei sunne rutinene, og så kan eg skeie ut med riktig god samvittighet på lørdagskvelden. Då blir det eit ekstra godt måltid med ekstra potet og god saus til kjøttet. Også litt ekstra utskeielser, f.eks chips eller smågodt. Og sidan eg då har fått til ei treningsøkt førut kan eg iallefall skeie ut litt:) Det eg må lære meg er å begrense meg når eg skeier ut.  Eg blir så innmari dårlig av alt sukkeret, noko som er ein (god) bieffekt av det å vere sukkerfri i kvardagen. Så det er noko eg jobber med for tida. Og eg merker jo (ta f.eks forrige lørdag) at eg spiser litt mindre godteri enn eg har gjort før (på den tida då eg småspiste sukkerrik mat kvar dag). 
Så det er inget annet enn bra! :)


Her er ein salat eg hadde til kveldsmat tidlegare i veka. Kjempegodt! 
Kun agurk, paprika, skinke, ost og makaroni. 
REIN OG SUNN MAT!

 
 

Og her ein supersunn frokost som garantert gir deg ein god følelse å starte dagen med! 
Grovt knekkebrød med egg, spinat og proteinshake. 


I går blei det sein trening, og først litt deilig avslapping i solariumet. Kan fortelle det at det er ein stor bragd for meg å trene/vise meg i singlet. Det er ikkje lenge sida eg ikkje vågde å kle av meg på overkroppen i offentlighet, fordi eg hadde ekstremt stor avsky for armene mine. Men etter at eg begynte å trene styrketrening har heldigvis tankegangen endra seg, og det er jo så bra! Styrketrening hjelper meg å endre kroppen min til slik eg ønsker å ha den (sjølv om eg veit at det tar laaaang tid), og styrketrening hjelper hodet mitt å tenke bedre. Er det ikkje flott?! Før følte eg at eg ikkje kunne vise armene mine fordi dei var så svære, stygge og lause, men no bryr eg meg ikkje om det. Og eg ser jo at eg har vore litt skrudd i hodet som ødelegger slik for meg sjølv. For dei er jo ikkje såååå fæle!;) Sjølvtilliten er så mykje bedre etter at eg la om livet, og det er endå ein lang vei å gå, men som eg alltid seier: LEARN TO LOVE THE JOURNEY 

I går såg treninga mi slik ut: 

Dynamisk oppvarming først + 1 oppvarmingsett før kvar øvelse (det gjer eg alltid) 

Knebøy 3x8 - 52 kg 

Rumensk markløft 3x8 - 50 kg 

Militærpress 3x8 - 20 kg 

Nedtrekk i kabel begge armer 3x8 - 15 kg på kvar arm  

Facepulls 3x10 - 20 kg

Cable crunch - 3x10 - 25 kg

Etter trening reiste eg heim, spiste mykje god mat (karbo som eg elsker, hehe, og spiser det med god samvittighet etter trening), tok ein varm dusj og las litt på senga. Megadeilig. Sov godt i natt ja!  
Og no er det fredag, og heeeeelg!

- GOD HELG -

1 kommentar:

  1. Thanks for this. I really like what you've posted here and wish you the best of luck with this blog and thanks for sharing. Brukt treningsutstyr

    SvarSlett